Strengeplukk

Andre band ut på fredag under årets Strenger i Gress Bluegrassfestival  er våre gode venner i Strengeplukk. Disse unge herrene har sin bakgrunn fra Stavanger, og presenteres selvsagt på nynorsk:

Strengeplukk spiller fredag 10.juli klokka ca 20:00
Kjøp billetter her/Buy Tickets here


Strengeplukk er eit norsk bluegrassband med ein fot godt planta i bluegrasstradisjonen og ein fot på vandring i alle andre sjangrar som folkemusikk, jazz og pop/rock.

Gruppa er kjende i Noreg for sine utforskande arrangement, enorme energi, virtuositet og leikenheit. Med inspirasjon frå gamle amerikanske bluegrassheltar som Bill Monroe og Flatt & Scruggs, samt nyare band som Punch Brothers og Mountain Heart, har dei markert seg på den norske bluegrasscena.



I 2020 slepp bandet to nye ep-ar og den første kjem ut til våren. På Strenger i Gress vil publikum få høyra låtar frå årets nye utgjevingar og frå debutalbumet «Fjellvegen» som kom i 2018 – og sjølvsagt blir det også bluegrasslåtar!

Strengeplukk er:
Andreas Barsnes Onarheim – mandolin/vokal
Jakob Folke Ossum – gitar/vokal
Nikolai Storevik – fele/vokal
Thorbjørn André Bilstad Olsen – banjo/vokal
Vidar Starheimsæter – bass/vokal

Hjemmeside: http://www.strengeplukk.com
Facebook: https://www.facebook.com/strengeplukk/

Se under videoklippet med eit utdrag av originallåta «Ut» frå albumet «Fjellvegen» her:

Strengeplukk med «Ut» fra albumet «Fjellvegen».
Foto/lyd: Serhat Sahin